Fredag 8. november kl. 15.00 på Joker Finsland inviterar Inger Juvastøl og Gunleiv Djupesland til bokslepp av «De` kan`kje vere moro for alle!»
Av Ivar Eidsaa
– Boka har undertittel: Humoristiske historier frå Finsland, fortel Inger Juvastøl.
Boka er nokre små forteljingar, og nokre korte replikkar, sydd ihop med litt bakgrunnsstoff om tida dei er frå.
Artikkelen fortsetter under bildet.
– Det er «hummer og kanari», og absolutt ikkje sett i system, humrar ho.
– Men med knakande gode, humoristiske teikningar av Odd R. Jørgensen, blir det eit slags system i «galskapen», legg ho til.
– Tittelen er ein replikk vi har tatt frå ei av «svæane», og den seier ganske mykje om prosjektet, meinar ho.
Inger Juvastøl er ein pensjonert lærar som arbeidde det meste av si tid som lærar på Byglandsfjord skule. Som pensjonist har ho vore aktiv i skriving og gav i 2015 ut boka «Ein heiegard i Åseral».
Inger Juvastøl skriv også sin eigen blogg, «bestasskraablikk». Ho tok lærarutdanning i vaksen alder, og vart i 1961 uteksaminert som gartner frå Dømmesmoen. Deretter jobba ho 25 år i Bygland kommune. Etter at ho vart pensjonist, tok ho i 2009 eit BI-kurs i styrekompetanse som gav 7,5 studiepoeng. Ho har vore leiar av Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes i mange år og vararepresentant til styret i Blomstrende Sørland.