Ein tur innom kornmottaket på Mjåvann industriområde i Kristiansand, laurdag ettermiddag, stadfester at bøndene på Agder er i full gang med treskinga.
Av Agder Bondelag
Det er sjuande året på rad at storbonden og enterepenøren frå Søgne, Per Try, har ansvaret for dette mottaket – på vegne av, og i samarbeid med, Felleskjøpet Agder Rogaland.
Driftsoperatør på staden, Finn Thomassen (bilete) opplyser at dei så langt har motteke omlag 1.500 tonn med korn dei siste vekene.
![1.500 tonn til Kornmottaket på Mjåvann 5 241012397 3096401833927641 3793232519329688260 n](https://fritidsnytt.no/wp-content/uploads/2021/08/241012397_3096401833927641_3793232519329688260_n-1024x683.jpg)
Godveret gjer at det nok bli levert langt meir korn i dagane som kjem. Foto: Øystien Moi.
Leveransane kjem frå Mandal i vest, Tvedestrand i aust – og frå Åmli i nord.
Godveret dei siste dagane, og gjeldande langtidsvarsel, gjer at det framleis vert travle dagar – og seine kveldar i bua hjå Thomassen.
No skal avlinga i hus – og det surrar i skurtreskarar og traktorar på kornåkrar over heile Agder.
I vaktbua på Mjåvann er dei førebudde. Vekta er kalibrert, datamaskinane er oppdaterte – og Finn Thomassen tek prøve av kvart einaste lass.
Her talar me beint fram om høgste kvalitet i absolutt alle deler av produksjonskjeden. Matproduksjonen.
![1.500 tonn til Kornmottaket på Mjåvann 6 240798156 3096401783927646 4904099507867766425 n](https://fritidsnytt.no/wp-content/uploads/2021/08/240798156_3096401783927646_4904099507867766425_n.jpg)
Finn Thomassen opplyser at 1.500 tonn korn er så langt blitt levert til Kornmottaket på Mjåvann. Foto: Øystein Moi.