Mer om bakgrunnen for Nygård skole: Avskrift ved Jostein Andreassen fra ”Fædrelandsvennen” fredag 19. januar 1923.
”Fylkets bedst utstyrte landsfolkeskole. Nygaard skole i Søgne skal indvies søndag.
En oversigt over skolesaken og skoleforholdene i Søgne.
Indvigslingi av det drustelege nye skulehuset i Nygaard krins sundag som kjem, er stuttsteinen av eit arbeid som har vore teke upp gong etter annan framigjenom dei siste halvhundrad aari. Saavidst eg kjem i hug var avdøde Joh. Holmesland den fyrste som sette seg i brodden for ei samanstipling av skulane i Songviks, Stauslands og Klepplands krinsar. Men det fall seg jo ugreidt at dei nett hadde kosta nye skulehus i dei tvo krinsarne Songvik og Kleppland, so det var raadlaust aa faa dei kommunale styresmagterne med paa so stor ein kostnad som eit nytt skulehus vilde krevja. Dessutan hadde baade dei styrande og endaa meir folk flest lite eller inkje skyn paa kor stort verd det hev aa faa skikkeleg klasseskipnad i skulen. Difor fall framlegget til jordi, og saki vart skrinlagt for lange tider; det var sparsemdt i det kommunale hushaldet og likesælet hjaa folk flest som fellte det gode framlegget.
I fyrsten
I fyrsten av 1890-aari kom spursmaalet atter upp atter til ny dryfting, men au daa synte dei styrande i bygdi so lite interessa fyr saki at arbeidet for ein betre krinsskipnad gjekk reint i staa, og skulen heldt fram i dei gamle fari endaa ein mannsalder.
Hausten 1916 tok jordbrukslærar Sverdrup saki fram til dryftings paa foreldremøte i Klepplandskrinsen, og dei lyste til eit aalmannamøte som vart halde paa ”Heimklang” den 28. desember same aaret. Der gjorde Sverdrup greia for kvad dei vilde med møtet.
Det synte seg
Det synte seg med ein gong at folk hadde interessa for saki. Der var burtimot eit par hundrad menneskje paa møtet, og dei var praktisk talt med paa framlegget um aa skipa dei fire kransarne mest mogeleg i hop til ein. Skuledirektør Skard var med paa møtet etter innbjoding. Han kunde fortelja at der dei hadde havt slike umskipningar av skulen, hadde det alltid vore kvass strid i fyrevegen, men naar dei hadde fenge prøvt den nye skipnaden, synte det seg at folk ikkje vilde hava det gamle att. Det kjem alltid noko paa tverke for sume av dei som bur i utkantarne, men naar det gjeld aa faa best mogeleg upplæring til borni, daa maa ein sjaa stort paa saki, og setja bygdebaten og landsbaten yver den personlege serbaten, sagde skuledirektøren.
Presten Haus
Presten Haus og dei fleste andre som tala, sa seg heilt samde med indleidaren og skuledirektøren, endaa det var nokon tvil um veglengderne kunde verta til hinders for heil samanskiping. Den einaste som tala imot nyskipingi, var Ludv. Repstad og ordførar og lærar Hans Try. Den fyrste for veglengderne si skuld, og ordføraren helt fram dei økonomiske vanskarne som var til hinders.
Møtet valde ei nemnd til aa arbeida vidare med saki. Det var jordbrukslærar Sverdrup, T. Aanensen Høllen, lensmann Alfred Olsen, Emil Berge og lærar Peter Lunde. Nemndi la fram resultatet av arbeidet sitt i møte paa ”Heimklang” 12. august 1917. Formannen i nemndi, Sverdrup, gav ei utgreiding um skulestellet paa landet ihoplikna med byskulen. Byarne ofrar uhorvelege summar paa skulen sin, medan bønderne gnikar paa skulebudgettet. Difor faar byborna saa mykje betre høve til skuleupplæring um bondeborni, og dette er ein av dei drupaste grunnarne til aa halda bondestandet nede i tevlingi med dei hine stand.
Stutt yversikt
Etter eit stutt yversikt yver skulestelli i Søgne som det var skipa, gjekk han yver til aa gjera greida for skulenemndi sitt framlegg til aa betra skulen. Nemndi heldt gjennomførd klasseskiping for det viktigaste arbeidet for ein betre skule, og difor laut ein samla saa mange born som raad var til ein skulestad. Dei fire krinsarne hev ihoplagt umlag 200 born. Det bedste ville vera aa samla dei alle til ein skule med 7 klassor. Men daa vart veglengderne so store for dei minste borni, at nemndi vaaga ikkje aa taka det stiget. Ein laut skifta dei minste paa tvo skular, ein paa Lunde og ein paa Høllevegen ein stad.
Dei større borni skulde samlast til ein skule ein stad millom Høllevegen og meieriet [dette lå på sørsida av Lundeveien, like ovenfor der hvor nå fylkesvei 439 går i bru over denne, omtrent midtveis mellom Tangvall og Lunde –altså rett vest for veien opp til Eikeheia, Eiketjønnveien. Meieriet var i virksomhet fra 1900 til 1966. Her ble den første yoghurten i Norge laget fra 1958 av. Det ble slått sammen med Agder Meieri i 1936. I 1966 ble bygningen solgt til en privatmann. Den brant ned 8. august 1975, og siden ble murene revet. Nå er det boliger på stedet.]
Artikkelen fortsetter under bildet.
Paa den maaten
Paa den maaten kunde ein skipa skulen med 6 klassor uppetter (med kvar av dei tvo nedste klassorne skifte paa tvo skular). Framlegget hadde fleire alternativ, men dette var det som nemndi heldt best.
Under det sers livlege ordskiftet gjorde Ludv. Repstad framlegg um ein samskipnad med tvo krinsar. Presten Haus og jordbruksskulestyrar Stendahl var nærast samde med Repstad, medan Hans Try, meinte Stauslandskrinsen (der han er lærar) burde haldast utanfor, so kunde borni fraa dei tri andre krinsarne samlast i skulehuset paa Lunde [Lunde skole lå rett nordenfor Søgne hovedkirke og ble revet i 1973].
Nemndi
Nemndi vart uppmoda til aa taka fyre seg spursmaalet med samanskiping med tvo krinsar. Peter Lunde, Kr. Andreassen [Høllen] og Kristen Eeg [tidl. lensmann] var rædde for at ein skipnad med tvo krinsar vilde seinka arbeidet for den bedste skuleskipnaden i dei fire krinsarne.
Nemndi tok paa seg aa halda fram med arbeidet, og freista ei ny ordning med tvo krinsar. Neste møte vart halde paa Stauslands skulehus 14. oktober. Nemndi heldt prinsipielt fast paa det gamle framlegget sitt, og skuledirektøren heldt med nemndi etter han hadde sett vegarne som borni i austparten av krinsen fekk til skuleveg.
Det vart kvasst ordskifte, men det kom lite nytt fram, det var dei same motgrunnarne som paa fyrre møtet. Etter uppmoding fraa presten gjekk nemndi med paa aa gjera nytt framlegg til tvokløying av dei fire krinsarne.
Siste møtet
Siste møtet til dryfting av saki vart halde paa ”Salem” 2. desember 1917 [dette var et bedehus som lå på motsatt side av nåværende Søgne brannstasjon. Eiendommen ble solgt til kommunen 1917 som gjorde husene om til gamlehjem/kvileheim. Nytt bedehus ble da til på Lunde 1920. 1958 kom Søgne Kvileheim, satt opp på Grensane, siden kalt Søgneheimen bo- og aktivitetssenter, nå kalt Lundeveien. Eiendommen på Salemsveien ble solgt til Vegvesenet. Nå skjønner du som ikke visste det, hvorfor veien Tangvall-Sangvik heter Salemsveien]. Den einaste som tala imot det prinsippielle nemndframlegget var Ludv. Repstad; han trøysta seg med at dei som styrte pengestellet i bygdi, kom til aa sjaa annorleis paa saki enn nemndi. Og han fekk rett au, endaa det gjekk heilt onnerleis enn han hadde tenkt seg det.
Nemndi hadde teki mest mogeleg omsyn til den økonomiske sida av saki saa ikkje den nye skuleskipnaden skulde verta urimelig kostesam mot den gamle. Difor hadde ikkje nemndi vaaga aa gaa vidare enn sekskløyvd skule; daa kunde ein endaa spara ind nokre hundrad krunor paa lærarlønerne.
Røynsla
Etter den røynsla nemndi hadde, var det all grunn til aa halda dei budgettmessige umsyni klaart for auga under arbeidet med skuleskipnaden.
Etter skulestyreprotokollen hev skulebudgettet i Søgne sige nokolunde jamt nedetter fraa 1903 (daa var det 7300 kr.) til 1914-15. Daa var det paa 5600 kr. So tok det til aa auka saa smaatt etter som pengeverdet seig. Men endaa i hardaste jobbetidi i 1917-18 hadde det ikkje naatt høgre enn 9800 krunor.* (Fotnote: Etter skulestyret sine budgettframlegg, so nær som for 1914-15 der heradsrekneskapen ligg til grunn.) I dei same aari 1914-18 auka fatigbudgettet fraa 7468 kr. til 13 600 kr.
Velvilje?
Etter dette var det liten grunn til aa venta nokor sers velvilje for det nye skuleprojektet fraa dei styrande si sida, daa nemndi sende det ferdige arbeidet fraa seg. Men skulestyreformannen, presten Haus, hadde so stor samhug med saki, og tida var so heppeleg laga for ei god løysing avdi heile skuleskipnaden i sokni nett daa var i støypeskeidi. Halve bornetalet i sokni, 200 born, er skifte i 10 smaakrinsar, der det er so grisgrændt at det ikkje er raad til aa faa skikkeleg klasseskipnad i dei skularne.
I skulestyremøtet 15. april 1918 var det samrøystes vedteke ein mykje betre skuleskipnad for den andre helvti av skuleborni i dei fire krinsarne i midtbygdi. Veglengderne skræmde skulestyret fraa heil samanskipning av krinsarne; dei vilde hava tvo krinsar. Men dei saag so heilt burt fraa den økonomiske sida av saki, at dei vilde have kvar av dei tvo skularne sekskløyvd. Songviks, Stauslands og Stauslandskrinsen skulle samlast i eit nytt skulehus ein stad mellem Lindegrøvann og Stauslandsvegen. Lundekrinsen skulde faa nytt skulehus. [Dette ble først påbygd i 1936 med gymnastikksal, skolekjøkken, sløydrom, dusj, etc.]
Fyrelagd
Daa saki vart fyrelagd dei fire krinsarne, sa dei seg einrøystes heilt samde i skulestyreframlegget, og samstundes sende krinsarne uppmoding til skulestyret og heradstyret um aa setja planen i verk ”innan næste skuleaar (1918-19) tek til, so sant det paa nokon maate let seg gjera”. Stauslandskrinsen var meir lempeleg i kravi og sette ikkje nokor viss tid fyr umskipingi; men berre ”so snart tilføri gjev høve til det”. Skuledirektøren gav sovori paaskrift: ”Folk er heilt samstelte um denne krinsskipnaden, og han er god. So eg kan berre telja til at han maa verta vedteken.”
- september same aaret var saki fyre i heradsstyret og vart samrøystes vedteke der au, med uppmodning til skulestyret um aa arbeida ut plan for det arbeidet som var turvande. Etter skulestyrevedtak hausten 1921 vart Nygaard vald til skulestad for dei tri krinsarne, og heradsstyret valde ei nemnd til aa staa fyre byggjearbeidet. Det er presten Haus, Sverdrup, T. Tallaksen, Martin Nilsen og Alfred Jacobsen som hev vore med i den nemndi.
Arbeidet tek til
Arbeidet paa det nye skulehuset tok til januar 1922. Graving og steinarbeid hev mest vore gjort som nødsarbeid. Huset er bygt etter teikning av ein arkitekt, som skal hava sers god greida paa sørlandsk byggjestil, og han har freista aa maata det til i samhøve med den. Byggmeistrane Hans Brunvatne og Eriksen Jensen hev stade fyre byggjearbeidet. Det drustelege huset kostar so mange pengar, at dei gamle kommunemennerne fyre 1914 maa kressa seg kvar gong dei ser det for augo. Men staten legg til ein god slump av kostnaden, og endaa um den parten som fell paa heradet, kjennest drjug nok, so hev bygdi æra av aa hava det glupaste skulehuset i fylket.”
[Det er svært sannsynlig at denne artikkelen er skrevet av læreren [på Karl Johans Minde i Kristiansand) og lokalhistorikeren Peter Lunde, som også var med i ”forhandlingene” om å få en ny skole. Jeg kjenner ingen andre i Søgne som skrev et så gammelmodig nynorsk som Lunde på denne tida. Han bodde i det store huset på Lunde og på hybel i Byen i ukedagene.]
**
Resten av artikkelen er skrevet av en annen (Sverdrup?). Den er på vanlig ”bokmål”, slik det var vanlig å bruke det i 1923. Den går spesielt på tekniske ting vedr. byggearbeidet, skolebygningene, romløsning, kostnader, etc. og utelates her. Noe av det stod i forrige artikkel. Denne artikkelen i avisen avsluttes slik:
”Skolen indvies førstkommende søndag klokken 3 eftermiddag [den 21. januar 1923]. Indbudt er fylkesmand, skoledirektør, fylkesskolestyrets formand, m.fl.”
NB; I artikkelen i ”Fritidsnytt” for februar 2023 har redaktøren i sin godhet lagt inn ”mellomoverskrifter” for å lette lesningen. En av dem lyder ”14 skoler ble til en”. Dette skyldes en forståelig misforståelse i farten. Det var jo tre skoler som ble til en, Sangvik, Stausland og Klepland skoler, og det var jo disse som ble lagt ned og ”gikk inn i” Nygård skole. I den artikkelen hadde dessuten undertegnede skrevet at Nygård skole ble innviet 6. januar, som vi ser, var det altså den 21. Som det også går fram, ble noen av artiklene i avisen fremdeles skrevet med gotisk skrift i 1923.