Du kan kjøpe fisk og skaldyr av privatpersonar, men desse må ha godkjenning og fangsten må vere registrert, melder Fiskeridirektoratet.
Om du kjøper frå ein som ikkje føl reglane for sal av fisk og skaldyr, kan du vere med på å støtte både skatteunndraging og miljøkriminalitet. Ingen kontroll av fangsten gjer at du heller ikkje veit om maten er trygg å ete, heiter det i meldinga.
Gode data er viktig for god forvalting
Det er fleire grunnar til at all fangst som blir omset skal registrerast:
- Når vi ikkje veit kor mykje vi haustar, har vi heller ikkje gode nok data til å setje rette kvotar, slik at vi kan bevare og byggje opp fiskebestandar langs kysten vår.
- Den som omset sjømat ulovleg betalar ikkje skatt av inntekta. Dette er uheldig for samfunnsøkonomien.
- Svart omsetting av sjømat gjev ulike konkurranseforhold. Det går ut over dei som lever av å fiske, og som er avhengige av denne inntekta.
Hugs at
- alt sal av fisk og skaldyr skal vere godkjent av eit salslag. Det er krav om særskilt løyve frå salslaga til å drive sal direkte frå fiskar til forbrukar.
- desse reglane er der for at du skal vere sikker på at sjømaten du kjøper er berekraftig fangsta.
- den som har fått dispensasjon til å selje fangsten ved kai, skal vere registrert i kjøparregisteret.
- du finn oversikt over kven som er godkjende kjøparar i kjøparregisteret.