– At Kilden Teater kontakta meg for å gjere teater ut av romanen, er veldig moro, seier forfattar Paal-Helge Haugen, etter at det ble kjent at Kilden skal sette opp forestillingen «Anne», basert på Haugens roman av same namn.
Av Kilden
– Det er kjekt at denne gamle romanen skal få eit noko uventa nytt liv. Tidleg, etter at boka kom ut, blei det gjort ein radio-versjon av Anne, som i tillegg til Norge blei sendt i Sverige, Danmark og Polen. Det var også planar om å gjere ein film, rundt 1970, men den kom aldri lengre enn skisse-stadiet, forteller Paal-Helge Haugen i ein podkast frå Kilden Teater.
Premiere i Valle, deretter i Kilden
I podkasten, som er ein samtale mellom Haugen og dramaturg i Kilden Teater, Endre Sannes Hadland, diskuterer forfattaren blant anna det å sleppe laus eit verk og la andre bearbeide materialet, i dette tilfellet regissør Sullivan Lloyd Nordrum, musiker og komponist Åsmund Solberg, skodespelar Ann-Ingrid Fuglestveit og altså Haugens prisbelønte punkt-roman, Anne.
Urpremiera på stykket finne stad i Paal-Helge Haugens heimbygd Valle i Setesdal 6. mai, før det spelast i Kilden 11. mai til 3. juni, og igjen 11. til 13. august.
Korleis er det å miste livet når det er i ferd med å byrja
Tørr kort hoste riv i bringa, jagar svarte flikar framfor augo. Av og til må eg setja meg og stå panna i handa. Etterpå andedrag som lange knivar der inne. Stundom går eg ut under lønnetreet når det byrjar. Det hender at eg legg meg flat i graset. Det hender at eg kjenner ein salt smak i munnen.
Korleis er det å miste livet – akkurat i det det er i ferd med å byrje? For første gong dramatiserast Paal-Helge Haugens prisbelønnande punktroman Anne.
Teksten fortsetjer under biletet
Ein moderne klassikar
Haugen blei født og oppvokst i Valle i Setesdal, og berre 23 år gammal slo han gjennom med nettopp Anne. For boka mottok han Nynorsk Kulturpris, og den reknast i dag som ein moderne klassikar frå ein av våre fremste poetar.
Forestillinga er eit intimt og musikalsk møte med sanninga om at tida vi tar for gitt – ikkje er garantert. At planane om å utforske verden og forme ditt eige liv – kan bli stjåle frå deg.
I denne følelsesladde monologforestillinga komprimerast 22 år til kun éin time gjennom ein serie av små glimt av eit liv, som avsluttast alt for tidleg når den unge jenta rammast av tuberkulose.
Ann Ingrid Fuglestveit
På scena står skodespelar Ann Ingrid Fuglestveit og musiker og lyddesignar Åsmund Solberg. I 2020 vant han Folkelarmprisen i kategorien tradisjonelt samspel, og han har også vore nominert til Spellemannsprisen. Musikken i Anne vil ha ein åpen og fri karakter med fundament i folkemusikk frå Setesdal.
Sjølve podkasten kan du høre her: