Yogaskogen stort banner

1.500 tonn til Kornmottaket på Mjåvann

Ein tur innom kornmottaket på Mjåvann industriområde i Kristiansand, laurdag ettermiddag, stadfester at bøndene på Agder er i full gang med treskinga.

Av Agder Bondelag

Det er sjuande året på rad at storbonden og enterepenøren frå Søgne, Per Try, har ansvaret for dette mottaket – på vegne av, og i samarbeid med, Felleskjøpet Agder Rogaland.

Driftsoperatør på staden, Finn Thomassen (bilete) opplyser at dei så langt har motteke omlag 1.500 tonn med korn dei siste vekene.

241012397 3096401833927641 3793232519329688260 n

Godveret gjer at det nok bli levert langt meir korn i dagane som kjem. Foto: Øystien Moi.

Leveransane kjem frå Mandal i vest, Tvedestrand i aust – og frå Åmli i nord.

Godveret dei siste dagane, og gjeldande langtidsvarsel, gjer at det framleis vert travle dagar – og seine kveldar i bua hjå Thomassen.

No skal avlinga i hus – og det surrar i skurtreskarar og traktorar på kornåkrar over heile Agder.

I vaktbua på Mjåvann er dei førebudde. Vekta er kalibrert, datamaskinane er oppdaterte – og Finn Thomassen tek prøve av kvart einaste lass.

Her talar me beint fram om høgste kvalitet i absolutt alle deler av produksjonskjeden. Matproduksjonen.

240798156 3096401783927646 4904099507867766425 n

Finn Thomassen opplyser at 1.500 tonn korn er så langt blitt levert til Kornmottaket på Mjåvann. Foto: Øystein Moi.

 

Flere saker